Mitt navn er Sandra Hjortland Olderkjær. Eg er busatt i Kvinnherad i Hordaland, som er på Vestlandet. Her bur eg med min sambuar, og ilag har vi ein sønn født i 2011.
Interessen for kunst starta veldig tidleg, og eg har tegna, mala og laga ting så lenge eg kan hugse. No lagar eg for det meste abstrakt maleri.
Eg har jobba som modell sidan 2006, på sida av vanleg arbeid i klesbutikk.
I 2010 begynte eg og som fotograf, som nok ein hobby. Etterkvart har eg skaffa meg eige kamera og photoshop, og lært meg med dette.
Eg kan ikkje skryte på meg noko utdanning innen desse "faga", alt er sjølvlært, med god hjelp frå venner og kjente, youtube og google ;)
Eg har derimot teke kurs innen sminke, styling, og mote. Også poseringsteknikk og fotostyling.
Eg kan med dette tilby "full pakke" der du vert sminka og styla for fotografering.
På denne sida viser eg noko av mitt arbeid..
Maleria er for salg, kontakt meg dersom du ser noko av interesse.
Eg er open for TFP fotografering (Trade for Picture) dersom du er modell eller ein interessant person som eg kan ha nytte av for å utvide mitt portefølje.
Prisar ellers for vanlig fotografering er 400kr. Prisen kan variera alt etter location, timar, og antall folk som skal fotograferast.
Du får då minimum 10 ferdig redigerte bileter.
Når du har betalt for bileta, er bileta dine. Einaste rettighetane eg beholder, er at eg har rett på å bruke nokre bileter frå fotoshooten, på mi heimeside. Desse bileta plukker vi gjerne ut ilag. Og dersom det absolutt ikkje er ønskeleg at eg skal bruke bileta, kan dette la seg gjera og. Ellers heiter det at du ikkje kan redigere eller endre på bileta uten løyve, eller selge dei vidare.
Dersom du publiserer eit bilete på internett uten min logo på, skal namnet mitt eller heimesideadressa mi stå under biletet.
Vi lagar ein skriftleg kontrakt, så vert det ikkje misforståelsar :)
Mitt mål som fotograf, (merk hobbyfotograf) er å ta bileter som er kreative, og at kvar shoot skal vera ulik.
Kunst kan vere så mangt, og det å posere foran kamera er ein kunst, og å knipse eit bra bilete er ein annan kunst.