plateselskap
tove_boygard.net
anita_boygard.net
kontakt_boygard.net
tlf: 99 01 94 01
Blog
RIKSKONSERTTURNE I SØR-TRØNDELAG
Då var me endeleg ute på vegen att!
Rikskonsertane har denne gongen teke uss til Sør-Trøndelag. Me har base midt i herlege Trondheim by, i tre veker framover.
Mange ungdomsskoler skal besøkast og mange hundre elevar fer sjå forestillinga vår.
Med uss på denna turneen er me så heldige å ha Jonas Nielsen frå Sceneservice AS på lyd, lys og alt mogeleg.
Og i tillegg har me fått med uss ein forskar, Roald Arne Kvamme. Han skal nok ikkji forske så mykji på bandet Bøygard, men på konseptet Den Kulturelle Skolesekken/Rikskonsertane.
Me ser veldig fram til å møte elevar over heile Sør-Trøndelag:-)
Jonas Nielsen
Roald Arne "Claus" Kvamme
Gitarlele´n og dragspelet står klart til dyst:-)
Tysdag 9. november 2010
Blussuvold var fyrste skole ut på denne turneen.
Her hadde me to forestillinger for eit herlig publikum. Ei flott skole med mange aktive musikera blandt elevane.
NRK kom også, gjorde opptak og intervjua. Innslaget vart mellom anna sendt i Kulturnytt på P2, og du kan høyre det her:
Onsdag 10. november 2010
Lade skole sto på programmet fyrst denna dagen.
Ein flott gjeng, satt heilt stille og lytta til forestillinga. Også denne skola har mykji fokus på musikk, og mange av elevane spelar sjølv.
Den andre skola me besøkte denne dagen var, Sjetne Skole.
Ein fantastisk lydhøyr gjeng, med mange musikkinteresserte. Me fekk også høyre ein låt ei av elevane hadde laga. Vakkert! Stå på!
Torsdag 11. november 2010